10 grunnar til å søke yrkesfag Publisert: 12.01.2021 15:21
10 grunnar til å velje yrkesfag
1. Yrkesfag er eit godt val for deg som vil lære ting i praksis i tillegg til å lese om det.
2. Du kjem deg raskt ut i arbeid.
Yrkesfagleg utdanning tek vanlegvis 4 år: 2 år på vgs og 2 år i arbeid ute i bedrift.
3. Du har over 180 yrke å velja mellom.
4. Du blir attraktiv for norske bedrifter og har gode sjansar for jobb i framtida.
Me treng titusenvis av nye fagarbeidarar og handverkarar. Fag- og meisterbrev er svært etterspurt kompetanse.
5. Du får lønn medan du utdannar deg.
6. Du har mange moglegheiter til å utdanne deg vidare.
Du kan gå Y-vegen direkte til universitet/ høgskule
Du kan gå påbygg og få studiekompetanse
Du kan gå fagskule, ta fleire fagbrev osv.
7. Du blir god til å løyse problem og jobbe sjølvstendig.
Du får ein livslang gevinst utover det å lære eit fag og eit yrke. Du blir betre rusta til å løyse praktiske utfordringar i kvardagslivet, noko du kan ha glede av resten av livet.
8. Du står sterkt om du ønskjer å starte eigen bedrift.
9. Du skapar noko og ser konkrete resultat av det du gjer.
10. Du sperrar ingen moglegheiter, men du opnar fleire.
Økonomi: lønn under utdanning og lite eller ikkje studielån bidreg til at du lettare kan etablera deg på bustadmarknaden.
Kompetanse/ vidareutdanning: Du stengjer ingen dører ved å velja yrkesfag. Derimot opnar du fleire sidan du har fleire jobb- og utdanningsmoglegheiter med fag/ sveinebrev som grunnlag.
Lykke til med valget ditt!